Glasovn Paragon GL18 til sals

Glasovn Paragon GL18 til sals

  Dei som har fulgt med yngbirk.no ei stund har fått med seg at glaskunsten er fjerna frå sida.  Eg har gjennom dei siste par åra hatt såpass store problem med ei skulder at eg har vore nøydd å innsjå at eg må begrense aktiviteten min. Det er har tatt ei stund å komme dit, og for å være ærleg så er det eit temmeleg sårt valg, men no er bestemmelsen tatt. Eg sel glasovnen min – ein Paragon GL18 – med alt tilhøyrande utstyr. Den...

Les meir

Juleutstilling hos Gruppe13

Juleutstilling hos Gruppe13

I dag fekk eg endeleg med meg Gruppe13 si juleutstilling. Kunstnarfelleskapet Gruppe13 må kunne kallast ein institusjon i kulturlivet i Volda. Svært mange av bygda sine kunstnarar har hatt si tid i denne gruppa, som held til i dei tradisjonsrike lokala til det tidllegare Volda offentlege Landsgymnas – på folkemunne no kalla Maurtua. Lokala til malegruppa er i det daglege eit myldrande rom med staffeli, maleutstyr og kunstnarar i arbeid. I...

Les meir

Jens Olav nominert til Årets navn i Trondheim

Jens Olav nominert til Årets navn i Trondheim

Som lærar ved musikklinja på Volda vgs er det alltid kjekt å fylgje litt med tidligare elevar, og sjå kva dei finn på vidare i livet. Mange tenkjer vel at dei fleste vel ei yrkesutdanning innanfor musikk. Slik er det faktisk ikkje. Vi har riktignok fostra mange musikarar, men vi ser også igjen «våre» som legar, lærarar, stortingspolitikarar, styrmenn, butikkleiarar,  skodespelarar, barnhagetilsette, ja egentlig i dei fleste...

Les meir

Kvifor bør du kjøpe kunst av kvinnelege kunstnarar?

I Aftenposten i dag (08.12) kan vi lese ein interessant artikkel. Karin Hindsbo, direktør  ved KODE Kunstmuseene i Bergen har sett opp ei liste basert på  desse punkta: Balanse mellom det kunstnerisk interessante, tilgjengelighet og overkommelig pris. Og ho konkluderer: Ut i frå desse kriteria bør ein satse på kvinnlege kunstnarar! Just sayin… Les heile artikkelen her.  ...

Les meir

NFUK – Norsk Forening for Uavhengige Kunstnere

NFUK – Norsk Forening for Uavhengige Kunstnere

  NFUK er ikkje ei kjent for forkorting for dei fleste. Norsk Forening for Uavhengige Kunstnere er ei viktig forening for oss som ikkje er utdanna innanfor dei tradisjonelle kunstinstitusjonane. For å bli tatt opp som medlem må du gjennom ei opptaksprøve der ein fagjury vurderer om den kunstneriske kvaliteten på arbeida dine er god nok til å kvalifisere for medlemsskap. Om kvalitetskrava for opptak skriv NFUK sjølve på sine nettsider:...

Les meir