Klippe, klippe!

Klippe,  klippe!

  Vi har ein 5-åring i hus som elskar å klippe. Får ho tilgang på saks og papir har ho aktivitet i lange tider. Det er jo fint no i adventstida! Eg brettar og klargjer for klipping av snøkrystallar, og ho klipper i veg medan ho trallar og syng. Men dette er også ei jente med kreativ sjel og eigen vilje, så når ho er lei av mor sine standardiserte juleprodukt går ho sine eigne vegar! Snøprinsen var ikkje ansett ferdig før krona var på plass....

Read More

Oppdatert informasjon om maleria

Oppdatert  informasjon  om  maleria

Etter innlegget i går har eg fått fleire innspel kring bloggen min. Det er kjekt! Eitt av ynskja som kom var tydelegare informasjon om kva bilete som er tilgjengelege for sal, og pris på desse. Dette er no endra. Takk for tipset!

Read More

Yngbirk i endring: Glas ut – Blogg inn

Yngbirk  i  endring:  Glas  ut  –  Blogg  inn

    Vegen blir til medan ein går seiast det. Sidan eg etablerte yngbirk.no har sida gjennomgått endringar fleire gonger, både visuelt og i innhald. No står eg ved eit vegskilje enno ein gong. Ønsket om å jobbe meir med biletkunsten, i kombinasjon med nokre andre faktorar, gjer at eg har bestemt meg for å slutte med glaskunst. Denne delen av yngbirk.no er difor no fjerna. Maleria vil framleis bli presentert på si eiga side. Ein annan ting som er...

Read More