Ålesund Kunstforening – desemberutstilling i januar!

Posted by on 5. januar 2015 in Blogg

 

ålesund kunstforening åpning1

Frå opninga

 

I dag fekk eg mail frå Ålesund Kunstforening om at dei har bestemt seg for å utvide opningstida på Desemberutstillinga 2014. I staden for å ta den ned til nyttår som planlagt, let dei den henge ut denne veka.

Så dei som ikkje fikk mulighet før jul, kan altså få sett utstillinga heilt fram til fredag. Her er mange kjende og mindre kjende kunstnarar, og mykje å sjå! Ørnulf Opdahl  og Nico Widerberg er namn dei fleste kjenner. Ingunn Dahlin sine keramikkskulpturar er nydelige, Ragnhild Søvik, med sine sterke menneskeskildringar og  Gro Mukta Holter med maleri som grip oss i fleire lag. Her er litt for ein kvar smak.

Litt morsomt  er det også at eitt av maleria eg har med på utstillinga har laga slik blest på Facebook siste dagane. Skal tru om det hadde vorte lettare for meg om eg hadde brukt biletet Aftenkjolen i artikkelen i staden?

Om du ikkje har mulighet til å ta turen til Ålesund Kunstforening sjølv, så kjenner du kanskje nokon som burde få dette tipset? 🙂

aftenkjolen WM

Aftenkjolen

 

Blogginnlegget mitt frå opninga kan du lese her. 

Det er ei fin liste av kunstnarar. Stas å være med på ein slik plakat!

 

Desemberutstilling ålesund kunstforening 2014

Utsillinga heng til fredag 09.01.14

 

 

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *