Eit byggverk i fjøra – tankar om det nye året

Posted by on 1. januar 2015 in Blogg

It aint heavy WM Iph

It aint heavy

 

Eg har verdas beste familie rundt meg, stort fint hus med deilig hage og ein utfordrande og givande jobb. Alt dette er med å gi meg eit liv som dei fleste rundt om på kloden vår ikkje eingong kan drøyme om. Tenk å være så heldig i livets lotteri! Og som om ikkje dette er nok, har eg i tillegg fått bruke mykje tid på  å realisere mine kreative sider. Eg har vidareutdanna meg i kunstfag, eg har deltatt på utstillingar, produsert glas, reist på kurs, fokusert på eiga utvikling.

Men oppe i alt dette positive lurer det eit spøkelse som eg trur fleire enn meg kjenner på i vår vestlege, rike, sjølvrealiseringsfokuserte verd. I min iver etter det perfekte liv, der alle desse elementa  skal få plass, har eg skapt eit stress. I staden for å nyte dagar som er fyllt av så mykje bra, ender ein opp med å bli sliten og utkjørt som eit direkte resultat av at ein stressar i veg mot det ein så veldig gjerne vil få gjort her i livet.  I staden for å være takksam for å kunne jobbe i hagen ein solskinsdag, eller stå i verkstaden ein haustkveld, så er hovudet ein heilt annan stad på veg mot eit eller anna mål langt der framme. Og slikt stress over tid sett seg igjen i kroppen som fysiske skavankar ein må forholde seg til, eller som eit tungsinn som skaper mørke skuggar i tilværet.

Mine tankar for det nye året handlar difor ikkje om å prestere betre, bli flinkare, verte meir perfekt. Eg vil vere lukkeleg her og no. Når eg maler vil eg vere berre i den kreative bobla mi, – ikkje med hovudet fullt av planar for neste utstilling. Når eg er saman med borna mine vil eg nyte det, ikkje fylle tankane  med fulle vaskemaskiner og skitne golv. Når eg går på tur vil eg nyte luktene, lydane, utsikta, – ikkje bekymre meg for om eg rekk alt eg har å gjere når eg kjem heim.

Gjer eg det eg blir lukkeleg av vil livet legge seg til rette etter kvart som eg beveger meg framover. Det blir spanande å sjå kvar vegen går!

Livet er som eit byggverk
reist av småsteinar i fjøra.

Kvar stein eg plukkar opp er
ein person, ein tanke, ei oppleving,
ei glede eller sorg eg møter.

Nokre steinar vert berande element i byggverket mitt.
Andre trillar ned langs sida, og ligg der – unnselige.
Enno andre igjen legg seg til som viktige nybygg,
men blir skylt bort ved neste stormflo.

Ikkje veit eg enno, kvar steinen eg held i handa
får sin plass.

   (YngvilB)

 

Eg ynskjer alle eit godt, harmonisk og fredfullt 2015!

***********************

Vil du vite kva som skjedde då eg ønska å vidareformidle dette blogginnlegget på Facebook? Det kan du lese om her. 

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *