Er biletet mitt for drøyt? Det meiner Facebook

Posted by on 4. februar 2015 in Blogg

Det forrige blogginnlegget mitt  – Eit byggverk i fjøra – tankar om det nye året –  traff tydeleg ein nerve. Eg fekk mengder av tilbakemeldingar frå lesarar som kjende seg igjen i det eg hadde skrive, og mange ba også om å få dele det vidare slik at fleire fikk lese det.

Dette ga meg lyst til å prøve å markedsføre det litt vidare også utanfor min eigen vennekrets. Eg bestilte difor fremming av innlegg gjennom Facebook sitt annonsetilbud. Overraskinga var stor då eg fekk forespørselen tilbake med beskjed om at dei ikkje vil gjere det!

«Her er grunnen til at vi ikke kunne godkjenne denne annonsen:

  • Bildet for annonsen din bryter retningslinjene våre for annonser. Bilder kan ikke være overdrevent seksuelle, antyde nakenhet, vise for mye hud eller utringning eller fokusere unødig på kroppsdeler.»

Sidan teksta i innlegget overhodet ikkje handlar om seksualitet og nakenhet må det være maleriet «It aint heavy» dei reagerer på.

It aint heavy WM Iph

It aint heavy – For heavy for FB

 

Eg tykkjer det er bra at Facebook har ei bevisst haldning til kva dei ønsker skal visast, og eg ser at mitt maleri fell inn under kategorien «nakenhet». Men meiner verkeleg Facebook at eit seriøst maleri som inneheld akt, ikkje eingong naturalistisk i forma, stiller i samme gate som seksualisert innhald og for mykje puppar og lår i private foto?

Aktmaleriet ein svært viktig og stor del av kunsthistoria gjennom alle tider, og vi kan finne aktstudier og aktmaleri frå dei fleste store kunstnarane. Meiner Facebook at desse også er så støtande at dei ikkje skal visast?

Eg gir dykk nokre eksempel:

 

VenusWillendorf

Venus av Willendorf

Venus av Willendorf  – ei av fleire forhistoriske leirfigurar. Truleg har dette representert ei fruktbarhetsgudinne. Så her er vi kanskje i grenseland? Ikkje berre viser den kropp og nakenhet, men den spelar også på seksualitet.

 

da Vinci Vitruvian man

Den vitruviske mann – Leonardo da Vinci, 1487

Leonardo da Vinci sin Vitruviske mann er eit proporsjonsstudie frå skisseblokka hans. Biletet er eit typisk eksempel på kunst i renessansen, der det var vanleg å framstille mennesket nakent.

 

boticelli birth of venus

Venus fødsel – Boticelli, 1486

I Boticelli sitt maleri Venus fødsel, ser vi korleis Venus blir ført i land på øya Kythera på eit skjell. Dette maleriet er eitt av dei mest berømte frå renessansen. Heldigvis er ho bluferdig nok til å dekke vitale delar med håret sitt.

 

carvaggio st.john

Johannes Døperen – Caravaggio, 1602

Caravaggio malte ei stor mengde religiøse bilete på bestilling frå den katolske kyrkja, og vart rekna som ein av dei viktige kunstnarane innanfor det romerske barokkmaleriet. Her representert ved ein naken Johannes Døperen.

 

Picasso pikene fra avignon

Pikene fra Avignon – Picasso, 1907

Pikene fra Avignon av Pablo Picasso blir av mange rekna som starten på modernismen i malerkunsten, og er også det første kubistiske maleriet. Riktignok er det abstrahert i uttrykket, men biletet beskriv fem prostituerte jenter, så då henspiller det kanskje for mykje på seksualitet?

Kvar går grensa dykkar Facebook? Vil de godta måleriet mitt dersom eg gjer slik som dei til tider har gjort det i kunsthistoria, – maler fikenblad på menneska mine?

 

fikenblad

Vil FB innføre fikenblad?

 

Eg likar det godt slik det er eg!

It aint heavy WM Iph

It aint heavy – heilt usensurert

Kjelder: Wikipedia, Fineart

 

0 Comments

Trackbacks/Pingbacks

  1. Underholdning - [...] - Er bildet mitt for drøyt? Det mener Facebook [...]

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *