Fønix får ny heim

Posta av den 11. mai 2017 under Blogg

 

Eg har ikkje for vane å skrive blogginnlegg om kvar bileta mine tek vegen. Men i dag vil eg gjere eit unntak.

For ei tid tilbake las eg eit innlegg  Krisesenter for Sunnmøre hadde lagt ut på Facebook. Dei skreiv om dei nye lokala Krisesenteret snart skal flytte inn i, og behovet for å utsmykke dei slik at dei blir trivelege og gode å være i.

 

2015-50x50-Fønix-WM

Fønix

 

Eg kjenner meg heldig og takksam for at eg aldri sjølv har vore i ein situasjon der eg har hatt bruk for noko Krisesenter. Men eg veit at det er mange som ikkje er like heldige som meg. Då er det så utruleg bra at vi har slike stadar! Der kvinner, barn og menn kan vende seg om dei er utsett for vold eller tvang av noko slag. Eit hus der dei kan søke tilflukt, og møte gode menneske som har det som si oppgåve å hjelpe dei ut av den vanskelege situasjonen dei er i.

Eg heiar på dykk som har det så vanskeleg at de treng Krisesenteret, og håper at gåva mi kan vere med å farge dagen dykkar litt lysare. Eg heiar også på dykk som arbeider der. Snakk om å ha eit arbeid som betyr noko!

For meg kjennes det som om Fønix no flyttar dit det heile tida var meininga at ho skulle være.

Her finn du meir informasjon om Krisesenter for Sunnmøre

 

 

Del dette innlegget!

Skriv ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>