For eit kick å være lærar! Be our guest 2015!

Posted by on 8. februar 2015 in Blogg

 

AAB9365

Hair – Foto: Musikalen.no

Eg kan skrive mykje om gleda og inspirasjonen ved å være lærar ved musikklinja på Volda vgs. Det er eit utrulig privilegium å ha ein jobb der vi kvart einaste år får dele slike opplevingar som dagen i går med elevane våre. Be our Guest 2015, årets jubileumsshow gjekk for to  fullsette hus i Ørsta, og fekk ståande applaus. Hardt arbeid, sterke opplevingar, læring og utdanning på mange nivå, felleskap utanom det vanlege, tårer, kjærleik, musikk, kreativitet, humor.. Her kan eg fortsette og fortsette, for dei intense vekene vi arbeider med musikal kvart år rommer det meste.

Men meir om livet som lærar for kreative elevar seinare. Akkurat no vil eg berre dele desse bileta og artiklane frå gårsdagens premiereshow. Meir rekk eg ikkje sidan vi er midt i turnebobla.

Fekk du det ikkje med deg, har du enno sjansen i Ulsteinvik på tysdag og i Fosnavåg på torsdag. Men kjapp deg, for mange av dei som var på premieren er ute etter billettar til ei framsyning til.. 🙂

Fullt hus på musikal – Sunnmørsposten

Kom, opplev, ver glad for at du kom – Musikalen.no

Forrykande jubileumsmusikal – Mørenytt.

Orkan av musikalitet og speleglede – Møre

 

Billettinfo Sjøborg kulturhus – Ulsteinvik

Billettinfo Fosnavåg konserthus 

 

 

 

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *