Juleutstilling hos Gruppe13

Posted by on 14. desember 2014 in Blogg

Gr13 utstilling 2

God stemning på utstillinga

I dag fekk eg endeleg med meg Gruppe13 si juleutstilling. Kunstnarfelleskapet Gruppe13 må kunne kallast ein institusjon i kulturlivet i Volda. Svært mange av bygda sine kunstnarar har hatt si tid i denne gruppa, som held til i dei tradisjonsrike lokala til det tidllegare Volda offentlege Landsgymnas – på folkemunne no kalla Maurtua.

Lokala til malegruppa er i det daglege eit myldrande rom med staffeli, maleutstyr og kunstnarar i arbeid. I adventstida blir det på magisk vis omgjort til eit lyst og triveleg utstillingslokale, der dei får vist fram bileta sine. Og her var det mykje fint å sjå!  Her var vare akvarellar med nydeleg lys i, detaljerte tresnitt med høg kvalitet, collagar og maleri i ulike uttrykk.  At nokre jobbar meir aktiv med kunsten enn andre viser igjen, men det er jo noko av det som gjer det spanande å gå på ei slik utstilling. Det gir eit mangfald som er ein inspirasjon i seg sjølv!

Dei som stilte ut denne gongen var:
Brit Åse Håvik Kalvatn
Else Eikrem
Anne Marit Varpen
Anne Kristine Kalvatsvik
Kjetil Myskja
Jac Heltne
Gunnar Repp

Det er så bra at vi har slike arbeidsfelleskap i bygda! Eg skulle ønske eg kunne be dykk om å besøke utstillinga, men sidan eg ikkje kom meg avgarde før siste utstillingsdag sjølv så er nok toget gått for i år.  Neste gong dei stiller ut bør du ta deg ein tur 😀

Gr13 utstilling Anne Kalvatsvik

Anne Kristine Kalvatsvik sine akvarellar

 

Gr13 utsilling 13

Mange besøkande

 

Gr13 utstilling 1

Takk for inspirasjonen!

 

 

 

 

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *