Kintsukuroi

Posted by on 5. juni 2019 in Blogg

Eg har vorte «publisert»! Riktignok ikkje ei heil bok på fint forlag, men stas likevel.

Det vesle diktet Kintsukuroi finn du no på Forfatterskolen sitt diktforum.

Kanskje er det kintsukuroi ho har bedrive, dama på dette maleriet?

Kintsukuroi

Då hjartet mitt knuste
tenkte eg det var for alltid

Uboteleg skada

Arr for all tid

Store
stygge
skjemmande arr

på mitt skjøre
for all tid
øydelagde hjarte

Så møtte eg deg
og lærte ordet
Kintsukuroi

– YngvilB

***

Og satt du no og lurte på kva det vakre ordet kintsukuroi betyr så kan du smugkikke her. 🙂

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *