Kunstnarpresentasjonen: Erling Sivertsen – med blikk for detaljar

Posted by on 7. august 2015 in Blogg, Kunstnarpresentasjonen

Nr 3 – 2015

Kunstnarpresentasjonen er ein ny fast spalte på bloggen min. Her vil eg med (u-)jamne mellomrom presentere ein kunstnar for dykk. Det kan være  lokale kunstnarar eg sjølv kjenner og har arbeidd saman med, kunstnarar som står bak bilete eg har på veggen, kunstnarar eg verdset høgt eller som på ein eller annan måte har inspirert meg i arbeidet mitt.

Erling Sivertsen arbeider til dagleg ved Avdeling for Mediefag ved Høgskulen i Volda, men er ein ivrig og dyktig fotograf på fritida. Om ein møter han i nærmiljøet er kameraet alltid med.

 

Erling Sivertsen portrettbilete

Erling Sivertsen

 

Eg er svært fascinert av blikket Erling har for motiv i det daglege. Der vi andre kan gå forbi, kaste eit halvt blikk til sida utan større interesse, eller kanskje til og med oppfatte noko som stygt, henter han ut sine utsnitt og skaper motiva om til vakre bilete der fargar, linjer, stemningar hjelper oss andre å sjå noko heilt nytt, spanande og vakkert.

 

Detalj II

Foto: E. Sivertsen

 

rustdetalj-i-vatn-Erling-Sivertsen

Foto: E. Sivertsen

 

Abstrakt-maleri-eller-rust-Erling-Sivertsen

Foto: E Sivertsen

 

Erling Sivertsen seier han  alltid har vore opptatt av biletkunst. Han har tidlegare studert kunsthistorie og har også ein bakgrunn som gallerist og kunstlagsleiar. I nokre av bileta hans kan ein mistenke han for å leike litt med assosiasjonar til andre kunstnarar. Eller er det berre dei fascinerande utsnitta hans som triggar fantasien til den som ser?

Kva ser du til dømes her? Ein maskindetalj? Den berømte trappa i Vatikanmuseet? Eller er det kanskje rotunden i Guggenheimmuseet?

 

Sixtinske kapell Erling Sivertsen

Foto: E.Sivertsen

 

Og her ein (nesten) vaskeekte Mondrian!

 

Mondrian Erling Sivertsen

Foto: E. Sivertsen

 

Gjennom fleire år har Erling  «travet på kryss og tvers» i lokalmiljøet i Volda og omegn. Han fotograferer høgt og lavt, og har difor ei uendeleg mengde av ulike motiv. Nokre sentrale tema kan ein likevel trekkje ut: Han dreg gjerne linjene frå det uforgjengelege i naturen til det forgjengelege menneskeskapte. Her prøver han på å skape ein orden gjennom enkle linjer, gjerne utifrå eit motiv der dei fleste i utgangspunktet vil oppfatte uorden. Og dette gjer han med eit blikk og ein følelse som skaper vakre, poetiske øyeblikk som fengslar oss når vi betraktar fotografia hans.

Sjå berre!

 

Båt - rotevatnet Erling Sivertsen

Foto: E. Sivertsen

 

Båtspeil-Erling-Sivertsen

Foto: E. Sivertsen

 

Der fann eg han, Buicken! Erling Sivertsen

Foto: E. Sivertsen

 

Rustvatn-Erling-Sivertsen

Foto: E. Sivertsen

 

Rotevatnet blått og oransje

Foto: E. Sivertsen

 

Fotografiapparata som blir brukt til alle desse vakre bileta er ikkje av den dyre, fancy sorten. Erling kan like gjerne bruke mobilkameraet sitt som han brukar  eit enkelt speilreflekskamera. Det viktigaste for han er å verkeleg sjå. Kameraet blir eit verkty for å gjenskape det han ser.

 

Maskindetalj-Erling-Sivertsen-

Foto: E. Sivertsen

 

Pålar-Erling-Sivertsen

Foto: E. Sivertsen

 

Molo-Erling-Sivertsen

Foto: E. Sivertsen

 

I 2014 stilte han ut eit utval frå samlinga si ved Animasjonsmuseet i Volda. Om du ikkje fekk med deg denne, eller ynskjer å sjå meir kan du gå til fildelingstenesta Flickr. Der finn du bortimot 10 000 bilete signert Erling Sivertsen! Du finn han også på Facebook og Instagram.

 

Tidlegare Kunstnarpresentasjonar:

02/2015 – Peter Esdaile

01/2015 – Robert Steinnes

 

Tidlegare blogginnlegg:

Yngbirk blogg

 

 

 

1 Comment

  1. Så flotte bilder, og veldig godt skrevet! Gleder meg til neste innlegg 🙂

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *