Kunstnarpresentasjonen – ny fast spalte på bloggen

Posted by on 31. januar 2015 in Blogg

 

Eg har hatt ein tanke om å skrive litt om kva som inspirerer meg, kvar eg henter kunnskap og andre ting som handlar om det eg driv med. I den sammenhengen er det naturlig å nemne ulike kunstnarar og deira kunstverk. Denne tanken har fått lov å vekse litt, og eg fekk lyst til å gjere dette til eit litt meir frittståande og fast prosjekt.

Eg gir meg sjølv derfor no utfordringa at eg med (u-)jamne mellomrom skal presentere ein kunstnar for dykk. Det kan være  lokale kunstnarar eg sjølv kjenner og har arbeidd saman med, kunstnarar som står bak bilete eg har på veggen, kunstnarar eg verdset høgt   eller som på ein eller annan måte har inspirert meg i arbeidet mitt.

Kven eg kjem til å presentere, og kva form desse innlegga vil få veit eg ikkje sjølv heilt enno. Vegen blir nok til medan eg går i denne samanhengen også. Første presentasjon kjem om nokre dagar. Kven det blir? Gjett  i kommentarfeltet under da vel! 😀  Svaret kjem om nokre dagar.

 

Kunstnarpresentasjonen

Kven blir først ut i Kunstnarpresentasjonen?

 

 

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *