Kva tid er eit maleri ferdig?

Posted by on 22. april 2015 in Blogg

Eg får ofte dette spørsmålet.  Korleis veit du kva tid eit maleri du held på med er ferdig?

Dette tykkjer eg det er vanskeleg å svare på! Det går heilt på min eigen magefølelse. På eit tidspunkt føler eg at maleriet «landar», og det føles rett å avslutte. Men eg går på snørra rett som det er. Skal berre endre ørlite grann på eit bilete som er så å seie ferdig, og så endar eg opp med å overarbeide det og øydelegge det eg hadde. Eller eg seier meg ferdig og nøgd, men ser i ettertid at akkurat det biletet burde eg kanskje ha jobba litt meir med.

Hvis eg skal kunne gi noko svar på spørsmålet, så trur eg det må være: Når det blir selt. Da er det ute av mine hender, og eg misser muligheten til å gjere ytterlegare endringar på det. For sanninga er denne: Om eit maleri blir hengande på min eigen vegg går det ei usikker framtid i møte. Det kan være sluttført, signert, inneramma og vore vist på både ei og fleire utstillingar. Dette stoppar meg likevel ikkje hvis eg blir gåande og sjå på det, og vurdere om det er noko eg burde endra. Og set eg først i gang med små endringar så har det ein tendens til å balle på seg…

Eg skal gi dykk eit eksempel på korleis det kan gå. Biletet de ser under var ferdigstilt i 2012 – er vist på to utstillingar , har delteke i ein onlinekonkurranse hos Saatchi, og har ligge ute i nettgalleriet mitt sidan det. Samtidig har det hengt på veggen i stova mi. Der har eg i større og større grad irritert meg over ein del ting. Til dømes at folkemengda i midten ikkje «høyrer til» i historia, og at fargane ikkje fungerer slik eg ynskjer. Men dama til høgre likar eg godt, så henne vil eg gjerne behalde!

 

59335_Maleri_nr_8__100x70_1

Slik såg det ut..

 

Så, – her om dagen – gjekk det som det måtte gå. Eg plukka maleriet ned frå veggen og sette igong. Vekk med folka! Og som kjent.. det eine tek det andre, og plustelig blir heile biletet noko heilt anna…

 

Fountain-13-08

Og slik vart det..

 

Men, – vart det betre? Og er det ferdig? Akkurat no er eg veldig i tvil om begge deler. Då kan det ende på to måtar: Enten jobbar eg litt til med det og seier meg nøgd, eller så endar eg med å helle på ny kaosmaling over og setje igang nesten heilt frå botnen igjen. Vi får sjå! Mogleg at dette blir ein føljetong 😀

 

 

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *