NFUK – Norsk Forening for Uavhengige Kunstnere

Posted by on 8. desember 2014 in Blogg

Logo NFUK

NFUK – Norsk Forening for Uavhengige Kunstnere

 

NFUK er ikkje ei kjent for forkorting for dei fleste. Norsk Forening for Uavhengige Kunstnere er ei viktig forening for oss som ikkje er utdanna innanfor dei tradisjonelle kunstinstitusjonane. For å bli tatt opp som medlem må du gjennom ei opptaksprøve der ein fagjury vurderer om den kunstneriske kvaliteten på arbeida dine er god nok til å kvalifisere for medlemsskap.

Om kvalitetskrava for opptak skriv NFUK sjølve på sine nettsider:

Opptakskriteriene i NFUK er strenge. Kriteriene er på samme nivå som opptakskravene ved de store landsdelsutstillingene, som for eksempel Østlandsutstillingen, Nordnorsken med flere. Ca. 20 % av dem som søker opptak i NFUK blir opptatt som medlem.

Medlemsskap her gir deg kredibilitet som kunstnar, og er eit signal til galleristar og andre om at kvaliteten er på eit visst nivå.  I tillegg til mindre utstillingar lokalt og regionalt arrangerer NFUK kvart år ei Landsutstilling. Her kan medlemmer søke om deltaking. Kvalitetskrava er høge, så slett ikkje alle kjem med kvart år. Då er det desto meir stas når ein blir antatt og får stille ut til dømes i Oslo Rådhus!

NFUK på Facebook

 

 

 

 

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *