Stemte portrett i Propellhallen!

Posted by on 14. april 2016 in Blogg

Av og til er det godt å gå to skritt tilbake, og gi seg sjølv nokre utfordringar som ikkje nødvendigvis passar inn i løypa. Det kan leie deg på heilt nye vegar!

I fleire år har eg hatt hovudfokus på maleriet som utrykksmiddel, og då helst vinkla mot det svært intuitive. Dette har vore, og er, viktig for meg, fordi eg meiner at di meir open eg er for det som intuitivt kjem til meg medan eg malar, di betre og meir ekte blir bileta. Det er også dei bileta eg sjølv har hatt minst «styring» med, som ofte blir lagt ekstra merke til av publikum. I dei bileta der eg føler at alt «klaffar», og dei nesten gror fram av seg sjølve, får eg ofte tilbakemeldingar om at dei rører den som ser på dei. Dette er ein viktig inspirasjon for meg, og noko av det som virkelig gjer meg glad.

 

50x50 Deadline WM

Intuitiv maleri – få andlet å sjå…

 

Men det er også skikkelig slitsomt å skulle drive å grave slik i sin egen underbevissthet! Ein ting er at det tar mykje tid, – ein kan ikkje berre stikke i atelieret og slå av ein times tid. Neida, her må ein komme djupt i det. Helst ha tid til ei lita meditasjonsøkt, og deretter bruke halve dagen berre på å sjå på bileta, og vente på kva som måtte dukke opp. Det er også ofte ei utfordring at arbeidet stoppar opp på grunn av manglar i mine tekniske ferdigheter. Om ikkje ein har det gode handtverket i botnen kan det vere så intuitivt det berre vil, biletet vil likevel ikkje bli godt. Ein må ha kombinasjonen!

Innimellom gir eg meg sjølv derfor utfordringar som handlar om teknisk utvikling. Øvingsoppgåver som kan gjerast på korte tidsrom, og som ikkje skal ende opp i noko utstillingsklart bilete. Det kan være anatomiske detaljar, aktteikning, perspektiv, fargelære osv.

Den siste utfordringa eg har gitt meg sjølv er: Portrett! I det siste har eg difor  kosa meg med å gjenskape kjende og ukjende andlet, i utgangspunktet kun for eigen trening. Med kolstift og gråpapir som utrykksmiddel. Ikkje noko press om korkje kunstnarleg uttrykk, eller at det skal visast fram til andre enn dei aller næraste. Og det har gått framover, sakte men sikkert!

Så ville tilfeldighetene det slik at Stemt, koret eg syng i, hadde ønske om å setje opp ein «kunst-tverrfagleg» konsert. Med fleire kunstnarar i koret lufta dei tanken om ein konsert der våre ulike kunstuttrykk skulle utfylle det musikalske.

Slik gikk det til at eg no er i ferd med å lage ein heil serie av songar-teikningar –  «Skisser frå eit korliv». Foreløpig får du ein sneak-peak frå plakaten:

 

STEMT 24april2016 plakatNY

Bileta blir å sjå som «skyggekor» under Stemt sin konsert, saman med fleire andre spanande kunstuttrykk. Dette i kombinasjon med heftig og begeistret korsong i ein konserthall av den heilt særeigne sorten kan jo ikkje bli noko anna enn ei oppleving utanom det vanlege! Eg gler meg!

Les meir om konserten her.  

 

 

 

 

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *