Sterke damer på Ørsta Kulturhus i kveld

Posted by on 8. mars 2017 in Blogg

For ei tid tilbake lagde eg ein serie med kvinneportrett som fekk namnet «Wear your crown – Always».

Eg hadde ikkje planlagt å lage nokon serie, og dei to første damene trengde seg egentlig berre fram. Eg jobbar mykje intuitivt, og denne gongen vart det altså nokre sterke damer som kom og ville ha plass på lerretet mitt. Då desse to damene først hadde dukka opp fekk eg blod på tann og enda opp med seks ulike kvinneportrett.

Eg har i utgangspunktet ikkje hatt korkje ein feministisk eller politisk agenda med desse bileta. Men det er morosamt å sjå korleis vegen av og til legg seg til medan ein går. Damene har visst sin eigen styrke og vilje!

I dag kan du sjå dei på Kvinnedagsfesten i Ørsta Kulturhus. Arrangementet har fått namnet » Wear your crown» etter inspirasjon av portrettserien. Her får dei være ein del av eit større arrangement med mange ulike kulturinnslag, med Nina Vedeld Telseth i spissen. Der trur eg dei vil trivast!

 

50x50 Wear your crown Always Old woman Violet WM

 

Resten av serien kan du sjå i linkane nedanfor, eller du kan ta det ein tur på Ørsta Kulturhus kl 19.
Om du skulle ønske å kjøpe eitt av dei er det spesiell Kvinnedagspris på dei i dag. Det er berre å ta kontakt.

GRATULERER MED DAGEN!

 

Wear your crown – Always (1)

Wear your crown – Always (2)

Wear your crown – Always (3)

Wear your crown – Always (4)

Wear your crown – Always (5) 

 

 

 

 

 

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *