Syngedame med kraft!
Eg har i ei periode arbeidd temmeleg figurativt, med menneske og portrett. Dette har vore eit ledd i ein prosess for betre å beherske dette vanskelege fagfeltet innan biletkunsten. Modellane hentar eg gjerne rundt meg i familie og vener.
Dette maleriet har henta sin inspirasjon hos Ingeborg, mi gode venninne og kollega på Kraft. Du visste kanskje ikkje at kunstnaren bak dei herlege syngedamene i keramikk også er ei drivande god syngedame sjølv?
Besøker du Kraft i julestria kan du no møte syngedamer både på maleriveggen, i keramikkhyllene og bak disken. Mykje anna fint er der også å finne. Velkommen!
Syngedama
60×60 cm
Akryl på lerret
****
Vil du sjå bileta mine «live»? Besøk vårt felles galleri KRAFT i Ålesund!
Du finn KRAFT også på Facebook og Instagram