Verkeleg Facebook? Må vi ta dette ein gong til?

Posted by on 21. mars 2019 in Blogg


I dag fekk eg mail frå Facebook. Eg har vore for drøy. Igjen!
Denne gongen er det dette maleriet – Moving on – som viser for seksualisert innhald til at dei vil la meg legge det ut som sponsa innlegg.

«Moving on» – For drøy igjen?

Eg trudde vi kom til enighet sist vi møttest Facebook? Den gongen enda blogginnlegget mitt i Kulturnytt på NRK, og nokre veker etterpå endra du teksta i regelverket ditt nettopp slik at t.d. kunstuttrykk ikkje skulle kome under denne sensuren. Må vi ta det igjen?

Ein ting skal eg gi deg. Sist gong mistenkte eg deg for berre å sensurere kvinnekroppar. Men der tok eg heldigvis feil. Halvabstraherte menn med ein skugge mellom beina er visst like farlig..

Og når eg tenker meg om, så bør eg være takksam! Du har fått meg til å blogge igjen. Altfor lenge sidan sist. Og takk for ekstrareklamen. 🙂


Her kan du lese om forrige gong eg (be)lærte Facebook litt kunsthistorie:
Er biletet mitt for drøyt? Det meiner Facebook.

Foto av Moving on: Fotograf Marta Lystad Johansen





2 Comments

  1. Utrolig! Bildet er uansett helt nydelig! Herlige farger og godt på alle måter.

    • Tusen takk! 😊

Legg att eit svar til Åslaug Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *